Robin Lane Fox

Robin Lane Fox

Fødd5. oktober 1946
Nasjonalitetbritisk
Yrkeoldtidshistoriker, faglitterær forfattar, universitetslærar, klassisk filolog
InstitusjonarBritish Broadcasting Corporation
Alma materEton College
Magdalen College
EktefelleLouisa Caroline Mary Farrell
BarnMartha Lane Fox, Henry Lane Fox
MedlemRoyal Society of Literature

Robin James Lane Fox (fødd 5. oktober 1946)[1] er ein engelsk historikar og hageskribent. Perioden hans er antikken og oldtida, og han er kjend for verka sine om Aleksander den store.[2] Lane Fox er Emeritus Fellow ved New College i Oxford og Reader i oldtidshistorie ved University of Oxford. Han var Fellow og Tutor i oldtidshistorie ved New College frå 1977 til 2014, og er Garden Master og Extraordinary Lecturer in Ancient History ved både New College og Exeter College. Han har også undervist i gresk og latinsk litteratur og tidleg islamsk historie.[3][4] Han er Fellow of the Royal Society of Literature.

Lane Fox var elev ved Eton College og studerte ved Magdalen College i Oxford.

Han var historisk rådgjevar for filmregissøren Oliver Stone ved innspelinga av filmen Alexander.

Lane Fox er også hagekorrespondent for Financial Times.

Han er far til internettentreprenøren Martha Lane Fox, grunnleggjaren av Lastminute.com.

  1. Robin Lane Fox profile at Debrett's People of Today
  2. «Travelling Heroes, By Robin Lane Fox», The Independent (på engelsk), 31. oktober 2008, henta 29. juli 2019 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 18. juni 2013, henta 29. juli 2019 
  4. «Classics - Exeter College». Henta 26. oktober 2018. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search